Monday, September 22, 2008

Bryllups-helg


I helgo var eg heime på Stord i bryllup til yngste bror min, Martin. Utrulig kjekt! No er han lykkelig gift med Kari, og har fullført uttrykket "Kone, Barn og Bil" :P

Eg ville i grunn takke for ei strålande fin helg. Utrulig kjekt å treffe all familie igjen. Alle søsken, søskenbarn, besteforeldre, tanter og onkler, og ellers kjente :) Me er ein ganske stor gjeng, så det er ikkje verst å klare å samle alle på ein plass!

Det starta i kyrkja, og fortsatte så med Olsenbanden-vors og sangskriving, og i storstasen blei det deilig festmat med dans og kaker utpå kvelden.
Etter hovudretten blei det talar, og ikkje minst; framføring av sang. Lækkert :D Me framførte ein usedvanlig flott versjon av "Det kan bare lillebror" så godt som på sparket, men klarte nå i alle fall å dra fram smilebåndene på dei andre gjestene.

Takk igjen for ein strålande kveld! Det er ikkje så lenge til neste bryllup i mai09 heller. Då er det eldste bror min sin tur. Endo ein dag å sjå fram til :)


Sjå for ein fin brud!! :)



Bildene er tekne av familie

No comments: