Tuesday, August 26, 2008

Heiaa :)

Jepp, en liten oppdatering. Ser det er på tide å komme litt i gong med bloggingen igjen:)

Såå...

Så langt siden sist har fadderveka gått over, og skulen har begynt å gå sin gang igjen. Eg må inndrømme eg sukker litt til databasehåndteringsfag x 2 i årets semester, meeen eg kommer vel igjennom deti år også. Eg får håpe det går greit:)Medievitenskapen trur eg uansett blir veldig kjekk i år.

Ellers svirrer tankene rundt skulevalg fortsatt. Eg har ikkje nevnt så mykje om det på bloggen tidligere, men eg holder på å få til et studieår i USA neste høst, så det er så mangt som skal planlegges og ordnes. Ikkje minst skal eg finne den "perfekte skule som passer akkurat MEG". Det er i alle fall det fleire lokker med. Og ellers er det jo noko vanskelig å finne denne skulen i dette virvaret av colleges på vestkysten. Uansett skal eg nok finne ut av det, og eg har allerede begynt å ta kontakt med fleire skuler. Eg kjenner det kribler bare av tanken. AHh - spennande :D
(jada, eg skal holde dykk oppdatert ;) )

Ellers går det desse dagane faktisk i oppussing! Veldig artig, og ein fin måte å bli bedre kjent med dei andre i kollektivet på. Kjøkkenet er no ferdig med sitt første strøk, og det samme med gongen. I kveld blir det ei ny økt med malesøl og kaos (joda, litt kaos er lov:P ) På slutten av veka satser me på storfeiring med pizza :)

Jaudå! Eg håper alle sin dag går sin fine gang. Eg har ikkje forelesning før 14.15 i dag, så eg skal få gjort unna litt før eg springer ut døra.

Me sjåast ;)

Thursday, August 14, 2008

"More than words"

Då har eg eit lite pust i bakken som fadder. Årets kull er ein hyggeleg gjeng, og fadderveka har så langt gått bra. I morgon blir det grilling i (forhåpentligvis) fint vær! :) *skal me stole på yr.no ser det jammen meg ikkje så verst ut*

Jepp. Eg fekk tatt fram gitaren igjen i dag. Kos. Ikkje at eg kan spele, men eg prøver å lære. Begynner å kunne litt fleire sanger enn "Se min kjole", så det skjer framskritt! Til og med "Picture Perfect" (fra tidligere blog) begynner å ligne noko :)
Det nye målet er nok denne:





Det er då ikkje umulig. Bare synd eg ikkje får heilt til alle tab-ene... :/
Det kommer, det kommer! :)

~

Sunday, August 10, 2008

"Det finnes ikke dårlig vær..."

Plutselig tok det slutt... Sommeren er over! :(

*La oss alle ta det inn over oss *

Ja, eg klarer liksom ikkje heilt å svelgje det, men i dag blei eg tvungen. Tilbake i Bergen, og tilbake til det grå regnfulle skyene som tydeligvis var lei av det fine været me har hatt så lenge. Eg kom nett inn døra. Klissblaut og kald. Neida, paraply hjelper lite når vinden fartar i tillegg. Det har i grunn vært ei stund sidan eg har hatt denne følelsen? Men det å bli minnet på den igjen skal eg innrømme har vert hardt. Sommar og sol er og blir favoritt - årstida. Men me skal jo ikkje klage. Sommaren har vert fantastisk! Så eg skal takke for det :) Takk snille værgudar!

Så - med hausten og august kjem skulestart. Men denne gongen føler eg meg utrulig lite forberedt(!?) Eg pleier alltid å ha ein viss "klar-for-skulebenken" - følelse. Men den har ikkje dukka opp endo. Heldigvis har eg ei veke med fadderbarn å passe på før det verkelege alvoret startar. Eg håper berre den dukkar opp til dess :S

Jepp. Då skal eg med tungt hjarte takke farvel. Eg kan knapt vente til du kjem tilbake. Om du bare kunne vært med meg litt til. Men eg skjønner vel at me ikkje kan ha for mykje av det gode…

Takk for to flotte måneder med sommar-idyll. Sjølv om eg har jobba har det vært ein strålande sommar. Eg kan nemmen meg ikkje vente til neste gong.


I morgon blir det regnjakke :)

Schjalabais

~