Thursday, October 30, 2008

Lenge siden gitt...

Nemen hei...!
Eg veit det er lenge siden, men det er jammen meg ein god grunn! Dei siste to vekene har vert ufattelig travle. Det har gått i obligatoriske oppgaver, en nettside-oppgave i medievitenskap, jobbing som frivillig under BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival) -gøy gøy!-, og ikkje minst - opplæring i ny jobb! *stortrives!* :)
Det har gått i ett. Fra kl 04.45 om morningen og til utpå kvelden. Eg har såpass medlidenhet for meg sjølv til å sei at no fortjener eg litt pause.

No gleder eg meg til å endelig slappe litt av. Det er helg, og eg skal på jentetur til Oslo! Med Gavin Degraw -konsert på tirsdagen --> *LYKKE* :D
Eg er så godt som pakket og klar. Flyet går 08.00...hehe. Godt eg er vant til å stå tidlig opp for tiden.

Eg lover å fortelle om Oslo-turen når eg kjem heim att ;)

GOD HELG! :)

Tuesday, October 14, 2008

Me venter på jul...?

I dag var eg på Rimi i Bergen, og ikkje nok med at julemenn vert solgt året rundt, men i dag - 14 OKTOBER - var det salg av lerum julebrus. Tragisk. ALT for tidlig.
Kor tidlig skal me starte nedtelling til jul egentlig? Eg føler det samme skjer kvart år, både ved jul og påske, men denne gongen må det ha vert ekstra tidlig...? -og ikkje nok med julebrus. Eg har høyrt om folk som allerede har starta julebaksten, og ei anna venninde av meg er halvveis ferdig med julepresangane!

Og eg som nettopp har godtatt at hausten er her...

Eg kjenner eg blir stressa.
Tenk om Lerum julebrus blir utsolgt endo tidligare enn før?
Tenk om eg ikkje får gjort julehandelen tidsnok i år...

Missforstå meg rett. Eg elsker jul (ikkje MINST juleferie!*sukk*).
Ja, jul er kos. Jul er toppers, men for all del - vent no til November i alle fall! Slutten av November er ei fin tid. Då kan ein så smått byrje å tenke på julebaksten og julebrusen.
I alle fall mens me studentar stressar av garde mot eksamen.

Sunday, October 5, 2008

Tenk om me kunne stoppe tida...?

Eg finner ikkje ord. Tenk at livet kan være så skjørt? Ved eit augeblunk er ein berre borte?

Eg har vanskeligheiter med å forstå det. Men er det egentlig mulig å forstå?
Verda går sin gang. Men kvar kjem rettferda inn? Kvifor må me miste dei me har kjær? Kvifor må me takast vekk i frå denne fine verda?

Det er hardt. Ein forventer at personen er der. Det er kje berre å knipse og godta at ein er vekke. Ho sitt vel på rommet sitt endo. Der ho alltid har vore. I morgon tidleg er ho der. Ho skal jo på skulen. Ete frokost...
Ho kjem jo heim kvart augeblikk?

Eg har vore heldig og opplevd lite vondt med dei nære rundt meg. Men eg veit det er mykje vondt som venter. Fælt. Eg vil stoppe verda, og ikkje la det vonde krype inn på meg. På oss alle! Vær så snill, kan nokon stoppe!?

Ein liten gut sa til meg i går at ei 17 år gammal jente er borte. Langt oppe i himmelen. Ein stad der det ikkje går ann å besøke ho. "Ikkje ein gong med hellikopter".
- Ein 4 årings forklaring på at nokon er tatt vekk i frå oss. Ein vil så gjerne skåne han frå det, men verden er vanskelig.
Korleis få han til å forstå, når ein egentlig ikkje forstår det sjølv?

Mine tankar går til familien og alle som var glade i deg.
Urettferdig og uforståeleg.

Igjen går det opp for meg kor skjørt livet er. La oss bli flinkere til å gripe dagen. Livet er for kort.