Tuesday, April 29, 2008

Tanke-rot...





Livet. Minner. Kjærleik. Vegen.

Me er alle forskjellige. Me har ikkje alle kome like langt.

Husk, me har alle vert der:
Gode minner – dei ein skulle ønske ein alltid kunne forbli i. Gid om ein berre kunne stoppe tida, og oppleve det heile i ein heil evighet. For i etterkant vil kjenslene ikkje være dei same. Dei forsvinn med tida. Likevel. Nokre vel å bli værande. Nokre av minna er så sterke, og me klamrar oss fast til dei. Ein får den gode følelsen tilbake. Det varmar. Det strammar seg i munnvikene, og det bruser i heile kroppen. Gleda er der framleis. Minnene ligg der. Takksemd. Framleis .

Dårlige minner. Det dreg i augo. Brusinga sluttar, men ei kjensle innvendig er der enno. Denne gangen skulle den helst vert unngått. Minna er der. Tankane er der. Spørsmåla er der. Er ein heldig er kanskje svara der. Men truleg sitt ein fortsatt igjen med spørsmåla. Hatet(?) Tilgivelsen(?)

Me gløymer at det finnes andre menneskje som opplever det same, men i ei annleis rekkefølge. Kanskje dei er nærmare enn me trur. Rart å tenkje at det faktisk finnest fleire der ute. Men så er det endog ikkje alltid aktuelt å trekkje fram dei andre. Dei svirrar no berre rundt i si eiga verd. Dei som eg. Egoistisk. Ja vel, me er det nok litt alle.

Det må seiast at det finnest to sortar menneskje. Dei som angrip, og dei som går i forsvar både for seg sjølv og andre. Ein vil beskytte. Beskytte. Sjølv om det ikkje er til dens eiga beste, men fordi det er for det beste til dei som sitt igjen. Hemmelegheiter. Nokre gonger er dei gode å ha, men denne typen skulle ein heller gjerne ønskt å dele. Likevel. Kjærleiken. Vennskapen. Nærleiken. All slags tilfelle. Det lønner seg å skåne. Kvifor skal alle bære tyngden, når det jo er bedre at éin fell under? Kanskje det også kjem fram for ein dag? Er det då verdt å henge seg i det? Inga skjold. Gammal vane. Ond sirkel.

Dei er beundringsverdige dei som får det til. Dei som seier i frå. Dei som lyttar. Dei som angrip nettopp fordi dei ønskjer å lytte.
Respekt.

Ingen er perfekt, men det får då være grenser. Kanskje det er på tide å oppleve litt vondt i livet, og lære av det. Dårlege minner kan faktisk seinare brukast til godheit. Rykta spreiar seg. Det er nemleg ikkje kunnskapen ein bærer på som gjer ein klok. Det er livserfaringane ein tek til seg gjennom livet. Både gode og dårlege minner. Dei former oss til den me er. Ja, på godt og vondt.

Livet er fullt av lærdomar. Livet skal dyrkast. Livet går til mens me går, heiter det. Men ein må for all del ikkje gjømme å gå! Å ta det neste steget. Å løfte beina. Å jobbe for det.
Nokre gonger er det alt ein ber om. At ein kan gi litt meir. Er vegen ikkje gått, og ingen steg tas, ja då står ein der. Likegyldig? Skam dykk!. Gløm ikkje at et er mykje som skal dyrkast her i livet utanom furu-tre og gullerøtter…I teorien er eg lett å finne, men det var denne vegen då.
Lang tid har gått. Mange minner.

Eg venter framleis.


-

2 comments:

Anonymous said...

Fin tekst! Ekstra fin med nynorsk, hehe.. ;)

Anonymous said...

Fint skrevet Herlaug:) Bare vent, vær deg selv, så vil du nok finne det du leter etter. Glad i deg, snuppa:)