Monday, April 21, 2008

Då er den her ENDELIG igjen! Våren <3




Den er tilbake! Utruleg, men sant! Våren, og alt som følgjer med den! Fuglane kvitrar, blomster og knuppar viser seg fram i finstasen, og ikkje minst er sola framme bak skyene... Eg har spist min første is i solsteiken, eg har sittet ute og nytt varmen frå sola sjølv. Fantastisk! Den følelsen skulle vært året rundt. Det er ingen tvil om kva for ei årstid eg liker best.

Det er ikkje verst å kunne stå opp, sjå ut vindauget, og starte dagen med et smil. Og dette er vel og merke i Bergen(!) Byen som (nesten) slo ”antall sammenhengende regnversdager”-rekorden høsten 06 med meg som (faktisk) stor støttespiller *trur det kun kan være vestlendingar som går å håper på å slå nye rekorder. Men til mitt forsvar så må det legges til at når ein først har kommet opp i 90 dager i strekk med regn, så kan man vel slå ein ny rekord i staden for å gi opp ved målstreken?!*. Men sjølvsagt... Dette var på hausten. No er det vår, men poenget er at det er så lenge sidan. Etter så mykje uvær verker så fjernt med finvær??

Eg husker at eg for ikkje så alt for lenge sidan konkluderte med at Bergen må være byen med størst paraplyforbruk. (mon tro om dette kan undersøkes?) Paraply-utstillingen ute på verftet sto også derfor i og smak hos meg. Ein artig kunst - framstilling…

Uff-nei. Eg er ikkje ute etter å hakke ned på Bergen by. Heller vil eg poengtere at Bergen er ein utrulig fin by, men det den har å by på kommer så absolutt best fram når sola skin.
Vær-gudene skulle kanskje tatt til vurdering å minke ned på regnet, av den grunn?
Eller kanskje ikkje…? For det som er heilt sikkert er at vestlendingar er eit folk som veit å utnytte sola når den dukkar opp. Tenk om me hadde tatt finværet for gitt? Skulle ein dag som denne berre vert ”ein av desse 365 dagane”?

Tja…Uansett. Første humle og veps er observert, og eg har spist middagsmåltid og is ute i sola. Eg har til og med måtte gått inn i huset for å trekke litt kald luft! Ikkje minst så gjekk eg i t-skjorte til skulen i dag. Det er eit under berre det!


Guri meg kor eg gler meg til sommaren!


- meg, ein vakker vårdag : )

No comments: