Sunday, October 5, 2008

Tenk om me kunne stoppe tida...?

Eg finner ikkje ord. Tenk at livet kan være så skjørt? Ved eit augeblunk er ein berre borte?

Eg har vanskeligheiter med å forstå det. Men er det egentlig mulig å forstå?
Verda går sin gang. Men kvar kjem rettferda inn? Kvifor må me miste dei me har kjær? Kvifor må me takast vekk i frå denne fine verda?

Det er hardt. Ein forventer at personen er der. Det er kje berre å knipse og godta at ein er vekke. Ho sitt vel på rommet sitt endo. Der ho alltid har vore. I morgon tidleg er ho der. Ho skal jo på skulen. Ete frokost...
Ho kjem jo heim kvart augeblikk?

Eg har vore heldig og opplevd lite vondt med dei nære rundt meg. Men eg veit det er mykje vondt som venter. Fælt. Eg vil stoppe verda, og ikkje la det vonde krype inn på meg. På oss alle! Vær så snill, kan nokon stoppe!?

Ein liten gut sa til meg i går at ei 17 år gammal jente er borte. Langt oppe i himmelen. Ein stad der det ikkje går ann å besøke ho. "Ikkje ein gong med hellikopter".
- Ein 4 årings forklaring på at nokon er tatt vekk i frå oss. Ein vil så gjerne skåne han frå det, men verden er vanskelig.
Korleis få han til å forstå, når ein egentlig ikkje forstår det sjølv?

Mine tankar går til familien og alle som var glade i deg.
Urettferdig og uforståeleg.

Igjen går det opp for meg kor skjørt livet er. La oss bli flinkere til å gripe dagen. Livet er for kort.

No comments: