Sunday, August 10, 2008

"Det finnes ikke dårlig vær..."

Plutselig tok det slutt... Sommeren er over! :(

*La oss alle ta det inn over oss *

Ja, eg klarer liksom ikkje heilt å svelgje det, men i dag blei eg tvungen. Tilbake i Bergen, og tilbake til det grå regnfulle skyene som tydeligvis var lei av det fine været me har hatt så lenge. Eg kom nett inn døra. Klissblaut og kald. Neida, paraply hjelper lite når vinden fartar i tillegg. Det har i grunn vært ei stund sidan eg har hatt denne følelsen? Men det å bli minnet på den igjen skal eg innrømme har vert hardt. Sommar og sol er og blir favoritt - årstida. Men me skal jo ikkje klage. Sommaren har vert fantastisk! Så eg skal takke for det :) Takk snille værgudar!

Så - med hausten og august kjem skulestart. Men denne gongen føler eg meg utrulig lite forberedt(!?) Eg pleier alltid å ha ein viss "klar-for-skulebenken" - følelse. Men den har ikkje dukka opp endo. Heldigvis har eg ei veke med fadderbarn å passe på før det verkelege alvoret startar. Eg håper berre den dukkar opp til dess :S

Jepp. Då skal eg med tungt hjarte takke farvel. Eg kan knapt vente til du kjem tilbake. Om du bare kunne vært med meg litt til. Men eg skjønner vel at me ikkje kan ha for mykje av det gode…

Takk for to flotte måneder med sommar-idyll. Sjølv om eg har jobba har det vært ein strålande sommar. Eg kan nemmen meg ikkje vente til neste gong.


I morgon blir det regnjakke :)

Schjalabais

~

No comments: